Utskrift fra: libanon.norvetnet.no
Dokument: http://libanon.norvetnet.no/dok/artikkel75.asp
Skriv ut Side | Lukk vindu


22.01.2006
Trygging av FN-personell

Regjeringa vedteke å inngå ein tilleggsprotokoll til FN-konvensjonen om trygging av FN-personell og tilknytta personell av 9. desember 1994. Tilleggsprotokollen vart vedteken av Generalforsamlinga i FN 8. desember 2005. Protokollen gir FN-personell og tilknytta personell ytterlegare trygging under humanitære operasjonar, ved at vertsstaten pliktar å tryggje forholda på staden og forfølgje dei som gjer seg skuldige i åtak på FN-personell og tilknytta personell.

Kilde Utenriksdepartementet

Protokollen vil vere særleg viktig for humanitære organisasjonar og jamvel omfatte deira lokalt rekrutterte personell som arbeider saman med FN. Også for norske deltakarar i internasjonale humanitære operasjonar vil avtala vere viktig.

-   FN-avtala er eit viktig steg i innsatsen for å tryggje FN-personell og andre sivile deltakarar i humanitære operasjonar, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

I følgje Generalsekretæren i FN er 229 sivile deltakarar i FN-operasjonar drepne grunna kriminelle handlingar sidan 1992. Dette syner behovet for ei ytterlegare trygging av sivile deltakarar i humanitære operasjonar.

Noreg har vore ein aktiv pådrivar under tingingane om tilleggsprotokollen. Utanriksdepartementet vil vere ein aktiv pådrivar for å få fleire land til å slutte opp om konvensjonen og tilleggsprotokollen.

Tilleggsprotokollen vil være open for underteikning frå 16. januar i år og Noreg vil vere blant dei fyrste landa til å underteikne han.

Tilleggsprotokollen i uoffisiell oversetting til norsk les her.

 

Skriv utUtskriftsvennlig utgave
  

Kilde: libanon.norvetnet.no