Kong Harald var til stades då utstillinga som synte norske soldatars 20-årige innsats i Sør-Libanon vart opna i dag. Ikkje minst hadde mange veteranar sjølv møtt opp.Klippet fra www.mil.noTekst: Frank Rosvoll Forsvarets mediesenterTretti år etter at dei første norske soldatane reiste ned for å ta del i United Nations Interim Force in Lebanon (UNIFIL), ynskjer Forsvaret å halde ei utstilling for å heidre dei om lag 23000 nordmennene som tenestegjorde i styrken. Det er i første rekkje forsvarssjef Sverre Diesen som har teke initiativet til opprettinga av minneutstillinga. I dag er utstillinga i Forsvarsmuseet i Oslo opna, og vert ståande i seks månadar.
Markering og opplysingLeiar for musea i Forsvarets, oberst Rune Gjerald, seier utstillinga er ei markering av innsatsen Forsvaret gjorde i Sør-Libanon, samstundes som ein vil synliggjere for publikum kva tenesta faktisk innebar. I utstillinga får publikum mellom anna høve til å lytte til opptak frå sambandet til norske soldatar i strid. Forsvarsmuseet legg ikkje skjul på at det for nokre kan verte sterke sanseinntrykk. Kongen var sjølv blant dei første som fekk ta utstillinga i augesyn. Han tok seg god tid, ikkje minst til å prate med FN-veteranar som hadde møtt opp til opninga.
"Lessons learned"Forsvarssjef Sverre Diesen kom inn på at Forsvaret på fleire område har lært mykje av det langvarige oppdraget i Libanon.
- Den gangen var mandatet og engasjementsreglane slik utforma at norske soldatar måtte løyse oppdrag under vilkår vi i dag ikkje ville ha akseptert. Vi har og erfart at det er naudsynt med ei militærfagleg og militærmedisinsk oppfølging av personellet som har gjort internasjonal teneste, sa Diesen.
Han gjorde eit poeng av at røyndomen frå Libanon har lagt mykje av grunnlaget for utføringa av seinare oppdrag i utlandet. Det går mellom anna på krav til realistiske mandat og robuste engasjementsreglar.
- Utstilling som opnar i dag er ei viktig utstilling, slo general Diesen fast, framfor eit stort publikum av heiderskarar med lyseblå skjerf og dekorasjonar frå Libanon-misjonen.